fredag 19. august 2011

Cupcakes


Vart frista til å kjøpe denne hærlegheita hin dagen....  :) Utruleg flott bok med superfine bilder. Og sia det er "frædann" og jentene mine (2.klassingar sia i går) gikk aleine til skulen for første gong i dag, tykkjer eg det er på sin plass med ein pitte liten feiring..  :) Her skal det bakes ja.  At eg faktisk kjøpte denne boka for litt sia også, snakkar me ikkje so mykje om nett no...  hehe


Uansett er det HEEEEELG og eg tenkte å prøve meg på litt betongstøyping av figurar før det vert for kaldt å drive med slikt ute. Dette blir ei kjekk helg... Berre veit da!!!  :D

torsdag 18. august 2011

Monsterdukker

Desse monsterdukkene er veldig morosame å lage. Sia eg ikkje nett er nokon ekspert i symaskinbruk (sjølv om eg skulle ønske at eg var det...  ) er det veldig god øving i å sy på "frihand" , altso uten mønster.

Eg får øving i å bruke ulike syteknikkar, korleis ulike stoff er å sy med og eg får bli bedre kjent med korleis heile symaskina mi verkar. Dessuten er jentene mine heilt ville etter desse monsterdukkene og på denne måten får dei og bli kjent med å sy og bruke fantasien.



Ein dag att til helg, og då skal sying av fleire dukker bli prioritert !!!  :D Har mykje flott stoff liggande som berre skrike etter å bli brukt... one way or the other...

onsdag 17. august 2011

Dilla på hekling



Farmor var ein brilliant heklar. No har eg teke opp "arven" og starta med hekling sjølv. Ein kan med rette kalle meg den glade amatør, for det er just ikkje like fint arbeid som kjære farmor hekla. Men alt skal lærast, og øving gjer som kjent mester... :)



Eg har hekla i omtrent eit år. Det har resultert i  to ferdige tepper og omtrent ein million små bestemorruter som ventar på å bli monterte saman. 



Elskar dei duse harmoniske fargane i dette teppet.

Blomster og vin...


Til dagleg jobbar eg som blomsterdekoratør. Når naboen vår hadde bursdag vanka det sjølvsagt både blomster og vin.

tirsdag 16. august 2011

Gamle bilder.


Eg er glad i å male "big eyed wimsical art".....  :D




Desse jentene mine står som regel i boden og pyntar for seg sjølve...



No i det siste har eg begynt å blåse støv av dei att... til stor glede for dei to små smurfane mine.



Det hadde kanskje vore kjekt å kunne laga opp nokre og teke dei med på haustmarknad saman med dei andre kunstnarvenene mine ?