mandag 18. juli 2011

Fin feriedag

I dag var eg og jentene mine (tvillingar på 6 år) på stranda i lag. Me fann ikkje mindre enn 3 (!!!) firkløvera i strandkanten. Skal tru om det vankar hell og lykke i vår veg frå no av ?  hehe. Skal iallefall slenge inn ein tippekupong til helga....  :)


Firkløverene er seg hør og bør pressa mellom to permar i ei tjukk bok og lagt under press. Kva me skal gjere med dei etterpå veit vi ikkje endå, men kanskje vi kan lage eit bokmerke eller smykke e.l ?  :)  "Me faor sjao" som dei seier her..  hehe




På kveldinga fekk eg endeleg tid til å sette meg ned ved kjøkkenbordet for å male litt. Eller tid og tid fru blom....  det handlar vel mest om å TA seg tid. Sjølvsagt er det travelt å vere tobarns mor til verdast søtaste men mest trollete jenter (.....), men det handlar vel mest om å prioritere litt også. Treng til dømes ikkje sitte å glo på ubetydelege tvseriar heile kvelden. Tvèn er ein goe tidstjuv !!! 


Kveldens maleri bere sterkt preg av at det er leeeeeenge sia sist eg satte meg ned med eit lerret. Eg er ikkje særleg fornøgde sjølv med resultatet, men får sjå på det som eit steg i riktig retning. Øving gjer mester heiter det jo som kjent...  :)  Det som var kjekkast å arbeide med i dette maleriet, var bakgrunnen. Eg føler eg alltid har streva litt med å få ein spennande og "levande" bakgrunn for desse jentene mine som eg pleier å male. Denne gongen limte eg mange ulike bitar av fine ark på lerretet og deretter måla eg over med gesso. Dette vart faktisk veldig bra og eg vil gjere det fleire gonger. Neste gang skal eg prøve å legge ved ein "steg for steg" bildeserie. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar