lørdag 30. juli 2011

Sommar, sol og tørketid.

Ikkje før starta denne kreative bloggen her før tørka heng over meg som ei stor sky... Og det er vel også derfor eg opplever ein aldri so liten tørke her: sola skin frå nesten skyfri himmel ute.  Det er jo bra sjølvsagt at sommaren endeleg ville komme til oss her på vestlandet, men det går som sagt ut over den kreative produksjonen. Har "however" fleire prosjekt på gong. Snart ferdig med eit stort hekleteppe, er i gang med å male/collage ein pappkoffert, sorterer ut tøffe stoff til monsterdukkene mine. Har og stoooore planar om å støype figurar i betong. (har tilogmed kjøpt inn sement...), skal også spraymale nokre lamper som eg skal ha over arbeidsbenken på kjøkkenet. Mange jern i ilden altso. Kunne berre skyene dekke over sola ei pitte lita stund...  :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar